Til innhold

Hurtiglenker

  • Kontakt oss
  • Sidekart
  • English

Meny

  • Hjem
  • Rutetider
  • Leie Buss?
  • Presse
  • Nyheter
  • Jobbe i Boreal
  • Om Boreal
  • YSK
  • Miljøansvar

Søk

Miljøansvar

  • Kvalitet- og miljøpolitikk
  • Boreal Challenge
  • Kronikk: "Ode til bussen"
  • Universell utforming

'Ode til bussen'

Kronikk av Terje Torkilsen, hentet med tillatelse fra Stavanger Aftenblads helgemagasin, PLUSS. Illustrasjonene er ved Carl Anders Aabø.

Ingen er så tolmodig som bussen. I generasjonar har han tråkla seg gjennom bygatene, smoge seg gjennom smau og klatra opp kleiver, så snart og nennsamt som mogleg. Han sniglar seg forbi dei parkerte privatbilane langs fortauskantane og fortar seg fram for å halda ruta. Han kviler nokre sekund på haldeplassen før han hastar vidare til neste stopp, til nye menneske som står og ventar. Det er eit uendeleg maratonløp der målet alltid er å komma tidsnok til neste stoppestad. Det er eit evig strev som berre blir større med åra. Han er oppe før sola og sistemann i seng, kvardagar og heilagdagar, over alt alltid, men bussen klagar aldri.

Ein skulle tru at alle elska bussen for innsatsen han gjer. At både folk og farkostar var takksame og heldt hyllingstalar for bussen, men det gjer dei ikkje. Ingen får så lite skryt som bussen. Han blir tvert imot sjikanert og utskjelt, og særleg av mennene. Mennene liker ikkje bussen. Mennene har busskrekk. Dei sit aleine i privatbilen sin og forbannar bussen fordi han er stor og tung og tek for mykje plass på vegen, men mennene tek feil. Bussen tek ikkje meir plass enn han må. Bussen har nemleg ei viktig oppgåve: Han fraktar barna og mødrene til mennene, medan mennene i privatbilane berre fraktar luft. Mennene er stygge mot bussen. Dei sørgjer for at det stadig blir dyrare å køyra med bussen, og så lagar dei svertekampanjar. Dei set ut rykte om at det finst villbussar som ikkje kan halda ruta. Dei seier at folk ikkje kan stola på at bussen kjem til haldeplassen når han skal, men bussen tek ikkje til motmæle. Han berre krummar nakken og prøver å frakta endå fleire skuleelevar, barnevogner og gamle damer rundt i byen. Dei som ikkje sjølv køyrer bil, og som ville vore hjelpelause i byen viss det ikkje hadde vore for bussen.

Dei unge og dei gamle er glade i bussen. For ungdomane er bussen ein stad for latter og forelsking. For dei gamle er ein billett på bussen ein billett bort frå einsemda. Det er likevel ingen som er så glade i bussen som barna. For barna er bussen eit romskip som tek dei med til andre planetar, og han er full av framande fargar og spennande språk. Heldigvis er det stadig fleire som forstår det som mennene ikkje har skjønt. Bussen blir meir og meir populær. Folk kjem faktisk heilt frå Polen for å få køyra bussen.

Det er likevel ingen som elskar bussen høgare enn byen. Bussen har berga livet til byen mange gonger, og han gjer det framleis. Mennene er så ivrige etter å byggja ut byen. Dei vil at byen alltid skal veksa seg større, men det er ikkje bra for byen. Byen blir overvektig og sjuk når han veks for fort. Då aukar trafikken, og då kan byen bli kvelt. Men heldigvis har byen bussen. Når toget står, bilane hopar seg opp og folk ikkje lenger kjem fram, er det bussen som er redninga. Då gjer bussen seg større slik at han kan frakta endå fleire folk. Då kontaktar han kollegaene i London og får dei til å senda over ein ekstra etasje. Eller så skaffar han seg tilhengjar som han koplar til kroppen med eit faldeskjørt og svingar seg rundt i byen som eit brummande trekkspel. Då ser bussen tåpeleg ut, men det bryr han seg ikkje om. I motsetning til bilen er ikkje bussen forfengeleg. Bussen kan byggjast ut i alle endar, malast som ein klovn, brukast som reklameskilt eller taggast til det ugjenkjennelege, men han protester aldri. Det speler inga rolla for bussen korleis han ser ut så lenge han får gjort det han skal.

Men av og til blir det også for mykje for bussen. Han kan gå varm ein heit sommardag eller punktera på det eine hjulet. Han kan gå tom for drivstoff eller få trøbbel med at bakdøra heng seg opp. Då skjemst bussen. Då føler han at han har svikta byen og barna. Då står han stilt i ei busslomme med motorluka open og ser skamfullt ned i asfalten. Då ler mennene av bussen når dei rasar forbi i bilane sine. Dei håner han og bruker stygge ord, men det gjer ingenting, for bussen veit noko som mennene ikkje veit. Du lurer kanskje på kor det blir av bussen når han ikkje maktar meir? Når drivakslingen knekkjer eller girkassa slår seg vrang? Han blir ikkje knust og smelta om til glødande magma i infernalske omnar slik som bilen blir. Når bussen ikkje maktar meir, blir han englebuss i himmelen.

Om artikkelforfatteren:

Terje Torkildsen (39) er komiker, miljøforkjemper og forfatter. Han er fast spaltist i Stavanger Aftenblads helgemagasin PLUSS og i Veolias Knutepunktet. Han debuterte i august 2008 med ungdomsromanen Marki Marco og har fulgt opp med to bind i trilogien Dystopia. Flere vil kanskje huske han som medprogramleder sammen med Siri Kalvig i TV2-serien, Himmel og Hav. I tillegg til å være bussens beste venn, har han aldri eid en mobiltelefon eller et motorisert kjøretøy.